«Eg sparer 3–4 timar kvar dag» – Psykolog Johanne Bæverfjord
.png)
«Noteless får toppkarakter av meg – det har gjort arbeidskvardagen utruleg mykje lettare!»
Psykolog Johanne Bæverfjord, DPS Knausen i Molde
Kvar dag brukar psykologar utallige timar på skrivearbeid. For Johanne Bæverfjord, koordinator for Akutteamet ved DPS Knausen, betydde det tidlegare opp mot 45 minutt med notatskriving etter kvar pasientsamtale.
Med Noteless er kvardagen heilt annleis.
«Eg anslår at eg sparer 3–4 timar på skrivearbeid – kvar dag. Det betyr betre kapasitet, tid til fleire pasientsamtalar, og meir fokus på terapi.» – Johanne Bæverfjord, psykolog
Prosessen er enkel: ein mikrofon tek opp samtalen, og Noteless genererer eit utkast til journalnotat på sekunder. Johanne går gjennom og redigerer, men grovarbeidet er allereie gjort.
«Noteless får toppkarakter av meg. Det er fagleg basert, ‘forstår’ pasient-behandlar-situasjonen, og kjem med svært gode observasjonar frå samtalen. Det taklar både dialekt, gebrokkent norsk, engelsk og fleire språk.»
Ved å spare timar med manuell skriving, får Johanne bruke tida på det som betyr mest: å hjelpe pasientane sine.
«Ein blir jo ikkje psykolog fordi ein er glad i å skrive referat – men for å hjelpe pasientar med bra terapi. No har eg meir tid, mindre stress og ein betre arbeidskvardag.»
Brukes av hundrevis av organisasjoner



.avif)




.avif)




.avif)

Kontakt oss
Teamet vårt er her for å hjelpe deg med spørsmål eller tilbakemeldinger du måtte ha. Vi ser frem til å høre fra deg!